Last ned rapport

Eit sentralt mål i den norske velferdspolitikken har lenge vore å redusere forskjellar i levekår og å redusere alle former for sosial risiko for innbyggjarane. I enkelte tilfelle er levekårsutfordringar knytte til særskilte geografiske område. Når forskjellar i levekår er systematisk fordelt i ein by, kan det vere behov for å leggje ned ein områderetta innsats i levekårsarbeidet. I slike innsatsar er det viktig med ei heilskapleg tilnærming, både på kommunalt og statleg nivå.

Styresmaktene har over fleire år løfta fram nettopp områdesatsing som eit viktig verkemiddel for å betre levekåra i utsette område. I ei områdesatsing skal fysiske og sosiale tiltak i fellesskap leggje til rette for ei positiv utvikling av levekår. Ei heilskapleg områdesatsing skal sjå ulike sektorar, sosiale, økonomiske og miljømessige forhold i samanheng. Arbeidet skal òg bidra til utprøving av nye tiltak og samarbeidsformer mellom sektorar (St. meld. nr. 31 (2006-2007)).

Denne rapporten ser nærmare på korleis statlege velferdsaktørar samarbeider innanfor områderetta innsatsar. Føremålet med rapporten er å løfte fram og drøfte det tverrsektorielle samarbeidet på statleg nivå som finn stad i områdesatsingane. Vidare blir utfordringar og moglegheiter ved arbeidsforma diskutert. Noko av det som blir utforska, er korleis god koordinering på statleg nivå kan vere med å leggje til rette for realisering av velferdsgevinstar på lokalt nivå. Rapporten ser òg nærmare på korleis erfaringar frå områdesatsingar kan lære oss noko om samarbeid blant statlege velferdsaktørar generelt.

Rapporten er ikkje ei evaluering av områdesatsing som verkemiddel eller av samarbeida som føregår innan spesifikke satsingar. Rapporten er eit bidrag til dokumentasjon av og diskusjon om betydninga av tverrsektorielt samarbeid i områderetta innsatsar.

I rapporten blir det brukt fire tematiske inngangar for å utdjupe det tverrsektorielle samarbeidet i områdesatsingar. Først blir det gjort greie for korleis styringsprinsippa i offentleg forvaltning kan vere med på å forsterke sektororienteringa og dermed leggje premissar for tverrsektorielt samarbeid. Dette er eit viktig bakteppe når ein skal forklare behovet for god samordning på tvers av sektorar. Deretter blir områdesatsing som eit velferdspolitisk verkemiddel illustrert gjennom omtale av ulike norske og
nordiske satsingar. Vidare blir behovet for tverrsektorielt samarbeid i områdesatsingar forankra i eit teoretisk rammeverk gjennom ein presentasjon av oppdatert forsking på segregering og opphoping av levekårsproblem. Til slutt blir det tverrsektorielle samarbeidet illustrert og konkretisert gjennom ein presentasjon av velferdssektorane sine eigne erfaringar med områdesatsingar. Her er det sektorar som samarbeider i statleg koordineringsgruppe for Groruddalssatsinga (PG4) og Oslo Sør-satsinga, som deler sine erfaringar, det vil seie NAV Oslo, Husbanken, Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet og IMDi. Desse har levert eigne tekstbidrag om det å jobbe i områderetta innsatsar. Tekstane legg grunnlag for å kunne identifisere viktige læringspunkt i denne typen innsatsar og for å kunne drøfte overføringsverdi til anna velferdspolitisk arbeid.

Gjennom bidraga frå arbeids-, bustad-, utdannings-, helse- og integreringssektoren kjem det breie spekteret av tiltak, arbeidsmetodar og faglege perspektiv som er representert innan satsingane, tydeleg fram. Det blir òg tydeleg korleis kvar og ein av sektorane utgjer ein nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg del åleine, av det områderetta arbeidet. Velferdssektorane er gjensidig avhengige av kvarandre og eit godt samarbeid på tvers av sektorane blir viktig for kva resultat ein oppnår.

Den organisatoriske kompleksiteten i områdesatsingar, og kompleksiteten i dei utfordringane satsingane skal arbeide med, gjer at denne typen samarbeid òg kan vere krevjande. Alle partar må sikre god forankring av arbeidet i eigne organisasjonar, og dei som skal koordinere arbeidet må utvise godt leiarskap. Det er ei kontinuerleg oppgåve å finne balansen mellom operativ effektivitet og brei nok medverknad som sikrar forankring av arbeidet.

Rapporten viser korleis samarbeidet har bidrege til at dei statlege sektorane har fått betre kjennskap til kvarandre sine strategiske satsingar og verkemiddel. Samarbeidet har fått ei føreseieleg form, noko som gir eit godt grunnlag for å vidareutvikle det tverrsektorielle samarbeidet.

Rapporten viser at prosessar på tvers av sektorar på statleg nivå har noko å seie for korleis heilskapstankegangen i tiltak og tenester blir teken vare på på kommunalt nivå. Forsøket med gratis kjernetid er eit godt eksempel på dette. Det er likevel eit potensial for å tydeleggjere og vidareutvikle samanhengane mellom samordninga på statleg nivå og kva denne faktisk har å seie for implementering
av velferdstenester på kommunalt nivå.

I dei tette banda horisontalt (på tvers av sektorar) og vertikalt (mellom stat og kommune) som er i områderetta innsatsar, ligg det eit innovasjonspotensial. Her er det rom for å utvikle nye samarbeidsformer, nye metodar, nye innretningar i tiltak. Samla gir dette eit potensial for nytenking i den overordna politikkutviklinga. Potensialet for nytenking og metodeutvikling ligg ikkje berre hos kommunale aktørar, men også hos ansvarlege sektormyndigheiter. For å kunne bruke områdesatsingane som pilotar i vidare velferdspolitisk arbeid må også staten ha eit granskande blikk på eigen innsats. Det er viktig å dokumentere, evaluere og leggje strategiar for vidareutvikling for at erfaringar frå områdesatsingane skal kunne nyttast vidare i utviklinga av framtidig velferdspolitikk, særleg dei delane av velferdspolitikken som skal møte storbypolitiske utfordringar.