I denne rapporten ser vi nærare på valdeltakinga blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Personar med innvandrarbakgrunn røystar i mindre grad enn resten av befolkninga. Ved dei tre siste stortingsvala har valdeltakinga blant desse gruppene vore 24–25 prosentpoeng lågare enn for befolkninga sett under eitt. Ved lokalvalet i 2007 var det vel ein av tre i den ikkje-vestlege innvandrarbefolkninga som nytta retten til å røyste, medan om lag to av tre i resten av befolkninga røysta. I den ikkje-vestlege innvandrarbefolkninga si deltaking ved lokalval, har det over tid heller vore ein tendens til nedgang enn oppgang.
Dersom låg deltaking fører til at store delar av befolkninga fell utanfor demokratiske prosessar og arenaer der avgjersler blir tekne, kan dette få negative konsekvensar for politikken og valsystemet sin legitimitet. Valdeltaking handlar vel å merke om meir enn berre demokratiets legitimitet, det handlar også om integrasjon og tilhøyrsle i eit større fellesskap. Låg valdeltaking kan vere eit teikn på utanforskap.
Det er store variasjonar i valdeltakinga blant dei ulike innvandrargruppene. Til dømes har innvandrarar frå Balkan utmerkt seg ved i liten grad å røyste ved val, medan innvandrarar frå India og Thailand har utmerkt seg med høg valdeltaking over tid. Det er også stor variasjon i representasjonen av innvandrarar i dei folkevalde organa. Få har blitt valde inn på Stortinget, men fleire har blitt valde inn i by- og kommunestyra rundt om i landet.
Forklaringane bak valåtferda til innvandrarbefolkninga er samansette og komplekse. Både individuelle og meir strukturelle årsaker vil vere med og påverke om den enkelte vel å røyste eller ikkje. Individuelle årsaker peikar på trekk ved den enkelte. Vi ser mellom anna at valdeltakinga aukar med alder og butid. Dei strukturelle årsakene peikar meir på trekk ved samfunnet; som måten både samfunnet og det politiske systemet er organiserte på. Eit demokrati må til dømes gi innbyggjarane eit reelt høve til innverknad. Har vi ei valordning som sikrar dette? Trekk ved valordninga og strukturell diskriminering kan vere døme på denne typen forklaringsfaktorar.
Styresmaktene har sett i verk fleire tiltak for å auke valdeltakinga, både blant befolkninga generelt og blant innvandrarbefolkninga spesielt. IMDi arbeider med informasjons- og mobiliseringstiltak retta særskilt mot dei gruppene som har lågast valdeltaking, og mot førstegongsveljarar. Innvandrarbefolkninga er ei samansett gruppe, og kva som påverkar dei ulike gruppene sin motivasjon til å røyste, vil variere. Vi veit etter kvart mykje om kven av innvandrarbefolkninga som røystar, og korleis dei røystar. Delar av dei bakanforliggjande faktorane for røystegivinga er framleis lite utforska: Kva er motiva for å røyste eller for å la vere? Kva opplever personar med innvandrarbakgrunn som dei største barrierane for å delta ved val? Dette er forhold vi treng meir kunnskap om.
For å oppnå auka valdeltaking må ein jobbe på fleire frontar parallelt. Ei viktig oppgåve er å formidle informasjon om valavvikling og om partia sine politiske bodskap. Dette er eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg arbeid for å få opp valdeltakinga. Det er også avgjerande at kunnskapen om det demokratiske styresettet vårt blir formidla på ein slik måte at den enkelte ser verdien av å gå til valurna. Deltaking i val er ei politisk handling som er frivillig. Det er difor heilt avgjerande at den enkelte opplever det som meiningsfullt å delta i val.