Sammendrag:
I denne oppgåva gjer eg ei analyse av norske regjeringars handlingsplanar mot menneskehandel. Menneskehandel er eit relativt nytt omgrep i norsk språk og forståing. Med innføring av nye ord i språket blir nye forståingar skapt. Det er derfor interessant å sjå korleis eit omgrep tar form, kva konstruksjonar som blir skapt, og kva konsekvensar dette kan ha for vår forståing. Mine forskingsspørsmål er som følgjande:
1.Korleis kjem eit omgrep inn i språk og forståing?
2.Kva gjer dette med vår forståing verkelegheita?
Korleis vi snakkar om verda er avgjerande for vår forståing av verkelegheita. Vi brukar språk til å klassifisere ulike fenomen og hendingar, med dette skapar vi ein felles plattform for forståing. Dette er ein sosialkonstruktivistisk måte å forstå språk og verkelegheit på. Sosialkonstruktivisme ligg til grunn for den vidare analyse.
I oppgåva er det omgrepet menneskehandel som er gjenstand for tolking. Dei to forskingsspørsmåla, 1 og 2, gir eit bakteppe for analysen av omgrepet menneskehandel. Dei konkrete problemstillingane for denne oppgåva er:
3.Korleis blir omgrepet menneskehandel konstruert i norske regjeringars handlingsplanar?
4.Korleis kom definisjonen av menneskehandel inn i handlingsplanane?
Datamaterialet for analysen er tre handlingsplanar mot menneskehandel, gitt ut av to ulike regjeringar. Dette er interessante dokument av fleire grunnar. Den politiske og byråkratiske konstruksjonen er interessant fordi den har stor definisjonsmakt i samfunnet og har bestemmingsrett for ressursbruk og tiltak som blir satt i verk. Handlingsplanane er eit politisk verkemiddel for å skape legitimitet for ein konstruksjon. Planane fungerar også som eit verktøy for inkorporering av internasjonale konvensjonar. Handlingsplanane står i eit spenningsfelt mellom internasjonale konvensjonar, norsk erfaring og norsk rammeverk.
Det har i stor grad skjedd ei importering frå internasjonale konvensjonar inn i nasjonale lover og nasjonal ordlyd i konstruksjonen av menneskehandel. I den internasjonale protokollen, Palermo-protokollen, blir menneskehandel først og fremst konstruert som eit kriminalitetsproblem. Protokollen er eit supplement til FN-konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet. Denne forståinga av menneskehandel er i stor grad importert inn i norsk forståing. Med utgangspunkt i Palermo-protokollen har norsk straffelov blitt endra. Det har blitt innført ei eiga lov om kriminalisering av menneskehandel i norsk rett.
Aktørane som blir presentert i handlingsplanane er den det blir handla med, den som utfører handelen og den som kjøper tenester frå den menneskehandla. Den ideen av desse aktørane som blir presentert i handlingsplanane er prega av ein offer – skurkdikotomi. Den menneskehandla blir omtalt som “offer” eller “utsett”, og blir snakka om i passiv forstand. Menneskehandlaren blir konstruert som kriminell og som den ansvarlige for menneskehandelen.
Med bakgrunn i desse konstruksjonane får den menneskehandla rettar i det norske velferdssystem. Samtidig blir mennesket gitt nokre plikter, som eit vitne og informant i avdekking og straffeforfølging av menneskehandlar. I analysen viser eg korleis menneskehandel opnar opp for refleksjonsperiode, ein rett som blir gitt til menneske utsett for handel som ligg på sida av det ordinære asylsystemet. Det blir og vist korleis menneskehandel blir konstruert i forhold til fenomenet flyktning. Migrasjon er ein viktig del av konstruksjonen av menneskehandel. I nokre tilfeller kan det sjå ut som migrasjonskonstruksjonen og menneskerettskonstruksjonen kjem i skuggen av kriminalitetskonstruksjonen. Desse forholda blir tematisert i analysen.
Menneskehandel
Lenke til fulltekst – http://www.duo.uio.no/publ/iss/2009/97138/Nygaard.pdf
Utgitt år – 2009
Utgiver – UiO
Undertittel – – ei sosialkonstruktivistisk analyse av regjeringars handlingsplanar
Språk – Norsk
Antall sider – 109
Dokumenttype – Masteroppgave